Nebaco Kennel drives av Eli Folven og dattra Caroline (fødd i 2001). Eli held til i ei lita bygd i Stryn kommune på Vestlandet og Caroline bor i Karlsøy kommune litt nord for Tromsø. Vår første berner sennenhund (Bacco) fekk vi i 2008 og etter det har det blitt mykje klubbarbeid, kurs, konkurransar, og frå 2015 også oppdrett. I 2011 fekk vi vår første shih tzu (Nellie), slik at vi også hadde ein litt mindre hund som passa betre til Caroline. 

Etter som Caroline flytta for seg sjølv, vart det frå 2019 også grosser schweizer sennenhund (Rozi).

Vårt kennelnavn er sett saman av våre to første hundar. Ne for Nellie og Baco for Bacco

Nebaco kennel baserar sitt oppdrett på Norsk Kennel Klubb sine Etiske grunnregler for avl og oppdrett og har som mål å avle friske, sunne og langtlevande hundar.